Lokalisert i vestlandske omgivnadar, med fjord, fjell og det opne hav, har Radmager Film funne sin stad for å markere seg på det norske filmkartet. Beståande av tre aspirerande aktørar innan film, foto og skriving, har me eit mål om å skape filmkunst som skil seg frå den allereie etablerte filmbransjen i Noreg. Med Radmager har me som prinsipp å arbeide på lavt budsjett, utan statleg støtte, berre frå eiga lomme. Samt brukar eige utstyr, og locations som er tilgjengeleg i lokalområda. Samstundes samarbeider me med andre aktørar innan filmbransjen som verdsett det me ynskjer å skape, og nettverket vårt veks stadig. Hensikten med Radmager Film er ikkje berre for å produsere god lavbudsjettsfilm, men òg for å inspirere andre unge filmskaparar, for å bevise at ein ikkje nødvendigvis treng stort budsjett med dyrt utstyr for å lage god film. Til sjuande og sist så er kanskje det alt ein treng; gode vener som stillar opp fordi dei synest det er både kjekt og givande å skapa noko saman.
Medverkande
Mathias Johannessen
Mathias Johannessen
Julian Frotjold Øien
Julian Frotjold Øien
Gudmund Arne Lilletveit
Gudmund Arne Lilletveit
Back to Top